Aktivitetstilboda våre

Velkomen til aktivitetar i Friluftsforeninga Volda!

Aktivitetane i foreninga er medlemsaktivitetar. Det betyr at ein må betale medlemskontigent for å ta del i tilboda. Medlemskap kostar kr. 250,- (familiemedlemskap). Men du får sjølvsagt høve til å prøve aktivitetar før du bestemmer deg for om du vil bli medlem.

Aktivitetane våre:

  • mandagsturar frå mai til september
  • nærturar frå mai 2025 – nytt tilbod som vi ser om det er interesse for
  • dameskikveldar på Volda skisesenter
  • hausttur siste helga i august, ev. første i september
  • dugnadsarbeid: skilting, rydding, klopping av turstiar
  • StikkUT! i samarbeid med Volda kommune og friluftsråda
  • utdeling av midlar frå Magne Haugens minnefond

.. og elles det vi måtte ha lyst til 🙂

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar