Slik betaler du medlemskap

  • Det er best for oss om du brukar Spond.
    • Til eksisterande medlemer sender vi ut påminning på e-post/SMS ved starten av året
    • Nye medlemer kan følge denne lenka. Når du har meldt deg inn, får du tilsendt krav på SMS/e-post.

Men du kan også betale slik:

  • Vipps: Søk opp Friluftsforeninga Volda, vippsnummer 11615, velg Medlemskap 2026. Legg inn e-post og namn og når du betalar, så hjelper du å oss med å halde oversikt over medlemar.
    • Når du betalar med Vipps, mottek du ein SMS frå kasserar: «Hei. Eg ser du har betalt medlemskap med Vipps. Det skal eg registrere manuelt i vårt medlemsregister, Spond. For å få gjort det, må eg sende ein betalingsforspørsel frå Spond (e-post). Når du får den, treng du ikkje gjere noko, berre slette e-posten.»
  • Til konto: 3991 04 19254. NB! Merk betalinga med namn og kva år.   

Vi har familiemedlemskap. Prisen er kr. 250 pr. år for familie

Dersom du ikkje lenger vil vere medlem, er det fint om du melder i frå på sms (91621147) eller e-post.

Lurer du på om du har betalt? Ta kontakt så finn vi ut av det.

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Vi startar frå p-plassen på Volda skisenter og følger traseen opp til toppen av skitrekket. Og då er vi på Sandhornet. Dette er ein kort tur på knapt 1, 5 […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Aktivitetar