Friluftsliv for alle, året rundt
Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. Vel oppe på toppen, får ein endå vidare utsyn. Ned att fulgte vi råsa ned til Krøvelsætra, slik at vi fekk ein fin rundtur. Det var slett ikkje så vått i marka som ein kunne tru med regnveret som var tidlegare på dag. Det er oftast betre når ein kjem ut enn kva ein trur når ein sit inne.




