Mandagstur til Fyrdsheida 18. mai 2026

Denne kvelden tek vi turen til Fyrdsheida. Turen startar ved tidlegare Austefjord skule og går i fin furuskog som etter kvart opnar seg. Flott utsikt frå toppen!

  • Oppmøte på øvste parkeringsplassen ovanfor Øyra skule, på nedsida av Globalskulen
    (Kårstadvegen 5)
  • Avreise kl. 18. Møt opp litt før. Vil du møte ved Austefjord skule, startar vi derifrå ca. kl. 18.20
  • Vi køyrer kvar sin gong. Har du ikkje bil, er du likevel velkomen til å vere med.

Les meir om mandagsturane her: https://www.friluftsforeninga.no/mandagsturar-2/

VELKOMNE PÅ TUR!

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Øyrahornet 11. mai 2026

Denne flotte mandagskvelden gjekk turen til Øyrahornet. Det er god sti frå Tjørvåg,- jamn stigning på ca. 400 høgdemeter og 1, 4 km. Frå toppen er det ei fantastisk utsikt. […]
Les meir

Mandagstursesongen 2026

Turprogrammet er klart og vi startar mandag 4. mai 🙂 Les meir her: https://www.friluftsforeninga.no/mandagstursesongen-2026/
Les meir

Mandagstur til Høgåsen 4. mai 2026

Planen var å starte årets mandagstursesong med tur til Litletua i Hareid kommune. Men veret gjorde at turmålet vart endra, så då gjekk turen til Høgåsen, Hjartå i staden. Skiftande […]
Les meir

Årsmøtet 2026

Vel gjennomført årsmøte torsdag 19. mars 2026. Her finn du årsmelding og protokoll frå årsmøtet. Ny i styret er Else-Lill Riise. Velkomen til henne og takk til Mona Kile som […]
Les meir

Aktivitetar