Friluftsliv for alle, året rundt
Dette vart ei flott helg med to spektakulære turar! Vi vart totalt 22 som var med på turen
Laurdag 29. august:
Vi reiste frå Volda ca. kl. 8.00 og starta turen til Oldeskaret frå Briksdalen kl. 10. Ein turklassikar! Oldeskaret er ein eldre ferdselsveg mellom Stardalen i Jølster og Oldedalen i Stryn. Vi gjekk opp til høgste punktet i bratt lende. Nokre returnerte same veg tilbake, medan andre gjekk over til Stardalen og vart henta der. Flott utsikt heile vegen! Og alle var samde om at det var ein gild tur. Om kvelden var det felles middag på Skei hotell, der dei fleste overnatta
Søndag 30. august:
Eggenipa, det markante fjellet du ser når du køyrer frå Byrkjelo mot Skei, var dagens turmål. Men skydekket var lavt, så dei fleste valde å ta ein anna tur eller å køyre heim. Men nokre tok turen til topps og hadde ein fin tur. Vi fekk prøvd dei nye sherpatrappene oppe i sida. Imponerande arbeid! Men utsikta gjekk vi glipp av
BILETE KJEM
