2026 – kva skjer?

Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år i 2026, så velkomen til å vere med på aktivitetane våre.

  • fornye medlemsskapet eller melde deg inn for først gong – HER ER INFO
    Til deg som betalar med Vipps: Merk deg informasjonen om at du mottek ein betalingsførespurnad på e-post, som du berre kan slette
  • damskikveldane starta 12. januar og er avslutta. Litt magert med snø også i år, men det blei nokre fine kveldar
  • StikkUT! Vinter/ski varer til 2. påskedag. Etter ei lita pause startar sommarsesongen opp 1. mai. Du finn varierte turmål i fleire kommunar, også utanfor Møre og Romsdal. Les meir her
  • mandagsturar har oppstart første mandagen i mai
  • onsdagsturar – her kjem det mer info
  • hausttur til Jølsterområdet siste helga i august

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar