Friluftsliv for alle, året rundt
Eit nytt år er i gang og det er tid for oppsummering av 2025.
2025 starta med ein fantastisk flott dameskikveld på Volda skisenter den 6. januar. Skikkelig pudderføre og heile 18 damer møtte opp og kosa seg. MEN desverre vart dette einaste kvelden med skikøyring. Det blei ei skikkelig snøfattig vinter.
Neste post på programmet var handsaming av søknadar til Magne Haugens minnefond. Som vanleg kom det inn ein del søknadar til gode tiltak. Her kan du lese om kven som fekk støtte. I tillegg fekk VTI langrenn og skiskyting tilskot på kr. 250.000 til etablering av skileikanlegg ved Volda skisenter, det første i Møre og Romsdal! På grunn av storleiken på søknadsbeløpet, måtte denne søknaden handsamast av årsmøtet.
Årsmøtet vart halde på Volda Campus Sparenak1 Arena 18. mars. Les referat her
Stikk UT!: Som vanleg har Frilufstforeninga samarbeidd tett med Volda kommune om StikkUT! Mange medlemar har bidratt med forslag til turmål og utplassering av turkoder på turmåla. Vinter-/skisesongen vart avslutta 2. påskedag og 1. mai var det klart for ny sesong med fotturar. Denne varer til 31. oktober. Så var det ei lita pause før det var på ‘an igjen med ny vinter-/skisesong frå 1. desember. Det er god deltaking både i Volda og i andre kommunar, og ordninga stimulere mange til å kome seg ut på tur og til å finne nye turmål.
Mandagsturane starta som vanleg opp første mandagen i mai. Sidan Selvågtunnelen hadde kolonnekøyring heile mandagstursesongen, vart det få turar utanfor tunnelen. Dette avgrensa turmoglegheitene noko då det er mange fine turar i ytre som høver godt for ein mandagskveld, men vi får ta det att i 2026. I årets sesong hadde vi 14 turar, 25 deltakarar og knapt fem deltok pr. tur. Les meir her.
På årsmøtet kom det forslag om å arrangerer nærturar, turar som var litt kortare/enklare enn mandagsturane og der køyreavstanden var kortare. Vi arrangerte nokre turare, men det var vanskeleg å få med både nokon som kunne vere med og ta ansvar og også å rekruttere til deltaking på turane. Nokre kjekke turar vart det, men det er lite truleg at vi held fram med dette
Naturfestivalen starta opp att i regi av DNT Sunnmøre. Friluftsforeninga hadde ansvar for to turar: Fyrsdheida (mandagskveld) og Snøhornet på Lauvstad. Vellukka turar med både lokale deltakarar og langvegsfarande.
Hausttur brukar Friluftsforeninga å arrangere kvart år, men i år kom vi for seint i gang med planlegginga og vi bestemte difor å utsette turen til 2026. Planen er å gå Oldeskaret (frå Stardalen og over til Briksdalen).
I august handsama vi nye søknadar til Magne Haugens minnefond. Denne gong vart det gitt tilskot til ein gapahuk og til nye fotballmål ved Volda stadion. Ein av søknadane må handsamast på årsmøtet og er altså ikkje ferdighandsama endå.
Voldadagen deltok vi på også i år. Denne vart arrangert 20. september og det er mange som tek turen innom for å sjå kva Voldasamfunnet har å by på













