Mandagstur til Kråkenakken 15. september 2025

Denne mandagen tok vi turen til Botnasætra og Kråkenakken. Vi gjekk skogsvegen til Botnasætra og så vidare på sti til Kråkenakken, ein lite avstikkar vidare frå der vegen stoppar. Her er ei fantastisk utsikt over Vikebygda, Volda, Åmdalen og Follestadalen. Turomtale finn du her: https://morotur.no/tur/kraakenakken-via-botnasaetra

Vi fekk ein vakker solnedgang. Vi var fem på tur

Kråkenakken er ein av fleire hoppbakkar som har vore rundt om i Volda.
Dette kan ein lese i eit stykke av Audun Nedrelid på facebook: «Når du har vore tilskodarar eller deltakar på hoppren i Volda sin største hoppbakke, Kråkenakken. Det er no 40 år sidan det siste rennet her, så naturen hadde nesten sletta alle spor etter den flotte hoppbakken . Nokre « tullete» pensjonerte Vikebygdingar syntes det var for gale å la dette fantastiske byggverket gå i gløymeboka. Store mengder fjell vart sprengt ut, frakta burt i bakken med handmakt og mura i fleire meters høgde. Er enormt arbeid som Ottar Fremmerlid var bas for, bakken var fyrste gong hoppa i 1934. Det var fleire renn framover på 30-40-talet. Etter krigen var det også mange, om ikkje årlige renn. Nokre av oss som no har rydda bakken, har vore deltakarar frå 1965 ,og framover til 1981.» Siste hopprennet var truleg i 1981år kunne få en Stikk Ut post på kulen??, det er ein fin tur for både store og små,

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar