Mandagstur til Hallehornet 19. mai 2025

Hallehornet tronar over Steinestøylen og har flott utsikt mot m.a. Romedalen, kanskje den vakraste dalen i Ørsta! Ei fredeleg elv renn gjennom dalen som er omgitt av ville tindar. Frå Hallehornet har du flott utsyn mot m.a. Molladalstindane og Masdalskloven. Vermeldingane er gode, så dette vert ein flott kveldstur. Her kan du lese meir om turen: https://morotur.no/tur/Hallehornet

Oppmøte rett over vegen for Globalskulen (Kårstadvegen 5 i Volda) litt før kl. 18. Møt opp litt før slik slik at vi kan arrangere samkøyring. Avreise presis kl. 18.
Vi tek oss tid til ei lita pause, så kle deg for det. Og ta gjerne med noko lite å drikke eller ete.

Har du spørsmål? Kontakt Runa Bakke, tlf, 91621147

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Vi kan freiste med enkel servering, så du kan ta kveldsmaten her. […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar