Mandagstur til Skjenhaugen 5. mai 2025

I kveld gjekk turen til Skjenhaugen. Ein fin nærtur til eit utsiktspunkt som er ukjent for mange, sjølv om det ligg lett tilgjengeleg. Vi kjørte opp til enden av Bjørkevegen, gjekk i retning mot Gildrehammaren frå Grinda og fann ein sti i skogen som går forbi Kleppesætra og vidare til Skjenhaugen. Returen tok vi tilbake til Kleppesætra vidare på sti over myrane til vi møtte stien til Gildrehammaren. Her tok vi ein stopp, for her var det liv i skogen. Vi fekk med oss orreleik, men måtte nøye oss med å lytte. Å snike seg innpå gjekk ikkje så bra. Høna vart nok skremd.. Så vi traska vidare ned til Gildrehammaren og tilbake til start. Ein fin kveld i godt lag. Vi var fem på årets først tur

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar