Tilbakeblikk på 2024

Året starta med fint skiføre og 5. februar sette vi gang med dameskikveldar. Det var litt usikkert om vi fekk det til i år, men vi klarte det ved å ha tilbod annankvar mandag. Tekk til dei som stilte opp! I 2025 satsar vi på kvar mandag

Magne Haugens minnefond har to søknadsfristar: 15. februar og 15. august. Desse fekk midlar i år:

  • VTI allidrett/skileik på Sunnmøre: støtte til utstyr kr. 8 100
  • VTI allidrett: støtte til utstyr til skøyteslipemaskin kr. 2 500
  • Melshornets venner: Prosjekt Turnhytta kr. 150 000
  • Austefjord IL: frukt, drikke til aktivitetsdagar kr. 5 000
  • DNT Sunnmøre: Gratis hytteovernatting kr. 20 000
  • Volda skisenter: driftsstøtte gratis barneskikøyrin kr. 60 000
  • Eventyr i parken kr. 20 000
  • Volda rideklubb: Gratis rideleir kr. 30 200
  • BUA Volda: driftsstøtte kr. 50 000

Stikk UT! Også i 2024 har Friluftsforeninga samarbeidd med Volda kommune om stikk UT! Frivillige har har gjort ein viktig jobb med å få ut skilt og kodelappar på mange av turmåla.

Mandagstursesongen starta som vanleg første mandagen i mai og varte til siste mandag i september, med eit opphald på sommaren. Veret har ikkje heilt vore med oss i 2024. Det starta bra, men på mange av turane har det vore nokså rufsete, men vårsesongen vart avslutta med ein kjempeflott tur til Måsegga i Austefjorden. Ein nydelig mandagskveld!

Haustturen blei flott! Vi fekk ei fin og kjekk helg i Balestrand med fin tur til Raudmelen på lørdag. Dette var hovudturen. Søndag delte vi oss alt etter kvar reisa heim gjekk. Dei fleste tok turen til Tjugatoten.

Aktivitetar for barn og unge har vi ikkje lukkast med å få til sjølve, men vi har eit samarbeid med DNT Sunnmøre og det er starta Turboklubb i Volda. Elles annonserer vi andre sine aktivitetar i våre kanalar og vi gir støtte til aktivitetar for barn og unge gjennom Magne Haugens minnefond. I år må særleg nemnast Eventyr i Parken som vi var med på å arrangere for andre gong (i Hornindal i fjor). Mange møtte opp på forestillingane sjølv i regnver. Dette var absolutt vert å få med seg! Ei takk til Kristian Glomnes Selon som var primus motor for å få dette til!

Arbeidet med klopping, skilting og merking held fram. I år må særleg nemnast Volda ungdomsskule som har sørga både for å bygge kloppane og gjort grovarbeidet med å bere dei ut dit dei skal. Takk! Til våren må det nok til ein dugnad med å legge dei godt til rette.

Voldadagen 28. september deltok vi med stand med heilt ny roll-up. Mange stakk turen innom for å høyre om tilboda våre.

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Vi tek turen til Hestehornet denne mandagen. NB! AVREISE KL. 17.30 Velkomne på tur og HUGS LYKT I SEKKEN 🙂 Les meir om mandagsturane her
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Mandagstur til Levandehornet 24. august 2026

Denne mandagen tok vi turen til Vartdal og til ein topp med fantastisk fin utsikt: Levandehornet MEN vi reiste frå sol i Volda til overskya og skodde på toppane på […]
Les meir

Aktivitetar