Stimerking, turtavler og klopplegging

Vil du vere med og merke og klopplegge? Då kan du bli med i fb-gruppa Merking av turstiar i Volda eller du kan sende oss ein e-post.

Det er dyktige elevar ved Volda ungdomsskulen som har laga kloppane/gangbanene. Du ser dei på biletet.

Kommunestyret har gjort slikt vedtak om Skilting, merking og vedlikehald av turstiar i Volda kommune.

Dyktige ungdomsskuleelevar

Støtte til turtavler og skilt

Her finn du dei som har gitt støtte til skilt og turtavler. Vi takkar på vegne av Frilufstforeninga og dei mange turgåarane som har glede av skiltinga. Særleg vil vi rette takk til dei to sparebankane våre!

Sparebanken Møre2019kr. 10.000
Sparebank1 Søre Sunnmøre2019kr. 50.000
Sparebanken Møre2019kr. 10.000
Sparebank1 Søre Sunnmøre2020kr. 50.000
Sparebanken Møre2020kr. 20.000
Krafttaket Tussa2020kr. 3.650
Spleis/Sparebank1 Søre Sunnmøre2021kr. 48.518
Folkestad kraftverk2021kr. 2.000
Sparebanken Møre2021kr. 25.000
Statskog2021kr. 5.000
Sparebanken Vest2022kr. 25.000
I tillegg har vi fått støtte frå Sparebanken Møre og Sparebank1 Søre Sunnmøre til klopplegging!

Fleire aktivitetar

Mandagstursesongen 2026 – fun facts

I år har vi hatt 14 turar. Første tur 4. mai og siste tur 28. september Vårsesongen var prega av regn på mandagskveldane, medan det i haustsesongen har vore mange […]
Les meir

Mandagstur til Gildrehammaren 28. sept 2026

Siste mandagstur denne sesongen gjekk til Gildrehammaren, ein kort tur til eit flott utsiktspunkt like ovanfor Klepp. Ein flott kveld! Vi fyrte opp bål og kosa oss. Takk for denne […]
Les meir

Mandagstur til Sandhornet 21. september 2026

Etter fleire regnfulle dagar, kom mandagskvelden med opplett og gløtt av sol, som vanleg. Vi starta frå p-plassen på Volda skisenter og følger renntraseen opp til Sandhornet der skitrekket har […]
Les meir

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Nok ein mandagskveld blei ein fin kveld. Turen gjekk til Hestehornet. Vi gjekk opp ryggen på fin rås som er litt bratt på slutten, og med flott utsikt mot Volda. […]
Les meir

Aktivitetar