Skogsprinsessa var i Volda!

Eventyret om skogsprinsessa gjekk føre seg i skogen kring Prestesætra23. 0g 24. august. Mange møtte opp for å få med seg dette vandreteateret som var sett opp av Eventyr i parken. Fire forestillingar var utselde så dette var suksess. Det var kjekt, spanande, kanskje også litt nifst innimellom? 😉 Men det enda godt. Alle vart vener og prinsessa vart krona til dronning.

Her kan du lese meir om eventyret: Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsesse Alva si tur til å bli dronning, noko ho har førebudd seg på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Rykte og vonde tankar spreier seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Eventyret var støtta av Friluftsforeninga V/MAGNE HAUGENS MINNEFOND, SPAREBANKEN VEST, SPAREBANKEN MØRE, SPAREBANK1 SMN, KULTURMIDLAR FRÅ VOLDA KOMMUNE, SELON EVENT. Kristian Glomnes Selon var initiativtakar til å få dette til Volda og fortener ein særskilt takk.

Fleire aktivitetar

Mandagstur til Hestehornet 14. september 2026

Vi tek turen til Hestehornet denne mandagen. NB! AVREISE KL. 17.30 Velkomne på tur og HUGS LYKT I SEKKEN 🙂 Les meir om mandagsturane her
Les meir

Mandagstur til Ulsteinhetta 7. september 2026

Denne mandagen tok vi turen til Ulstein kommune og til Ulsteinhetta frå Gåsneset. Ei litt bratt og kort rute, som var ganske våt etter ein del regn. Men for ein […]
Les meir

Mandagstur til Åmsnipa 31. august 2026

Dette er ein forholdsvis lett tur som går gjennom ein spanande skog og opp til ein fin utsiktstopp. Ca. 250 høgdemeter og 2 km ein veg Vi gjekk denne ruta […]
Les meir

Mandagstur til Levandehornet 24. august 2026

Denne mandagen tok vi turen til Vartdal og til ein topp med fantastisk fin utsikt: Levandehornet MEN vi reiste frå sol i Volda til overskya og skodde på toppane på […]
Les meir

Aktivitetar