Dameskikveldar, ein suksess!

Mandag 5. februar var det pudderføre og mange damer kosa seg på ski på dameskikøyringa på Volda skisenter. Dette er ein arena der du kan øve deg på å renne og svinge på ski under rolege forhold.

Kanskje vil du også vere med på moroa? Då må du merke deg desse datoane: 19/2, 4/3 og 18/3, for då er vi igjen klare for ny moro mellom kl. 18.30 og 21. Her finn du meir informasjon om dameskikveldane.

Har du spørsmål: Kontakt Eli-Mette på telefon 482 58 524, ev. Runa på 916 21 147

Fleire aktivitetar

Årsmøte 2026

Velkomne til årsmøte torsdag 19. mars frå kl. 19.00! Vi held til på Volda Campus Sparebank1 Arena, VIP-lokala. Spør hallvertane om du ikkje finn fram.Vi kan freiste med enkel servering, […]
Les meir

Hausttur 2026

I år er planen å arrangere hausttur siste helga i august. Førebels planar er Oldeskaret og Eggjanipa, og overnatting på Skei hotell. Meir informasjon kjem!
Les meir

Magne Haugens minnefond

Det kom inn sju søknadar på ulike aktivitetar til søknadsfristen 15.02.2026. Styret har vedtatt å støtte desse tiltaka: Lukke til med spanande aktivitetar! Neste søknadsfrist er 15.08.2026. Her kan du […]
Les meir

2026 – kva skjer?

Godt nyttår til dykk alle! Friluftsforeninga vil bidra så godt vi kan til at du får laga deg eit godt, aktivt år, så velkomen til å vere med på aktivitetane […]
Les meir

Aktivitetar