logo_i_ver_og_vind.jpg

Ver lur, gå tur! - med godt smittevern

20190610_131937.jpg

Første fellesarrangement etter "koronastenginga" var mandagsturen 18. mai.  Føresetnaden for å ha fellesturar er at alle følger SMITTEVERNREGLANE under.

NB! Du skal ikkje delta viss du er sjuk, inkl. lettare forkjøla.

Vi må ta litt andre omsyn enn elles, m.a. kan vi ikkje gjennomføre felleskøyring på same måte som før. Parkeringstilhøva må difor takast omsyn til ved val av turmål; det må vere plass til fleire bilar enn ved tidlegare felleskøyring

2020_mandagsturar_haustsesongen.pdf
2020_mandagsturar_v_rsesongen.pdf

Mandagsturar 2020 - ei oppsummering

20200817_194844.jpg

I år har det vore eit annleis år, også for mandagsturane. Vi starta med individuelle turar med utfordringa 11 turar på 11 veker i månadsskiftet april/mai. Men 18. mai fann vi det trygt å starte opp med fellesturar. 

28. sept 2020: Mandagstur Aursnesvatnet rundt

20180527_145134.jpg

På sesongens siste mandagstur gjekk vi rundt Aursnesvatnet. Ein lett, variert og flott tur i Eiksund! Det var ein mild, fin kveld. Vi fekk litt regn etterkvart, men det tok vi ikkje så tungt. Vi ga oss god tid, også til å drøfte storpolitikk. Vi var seks på tur. 

21.sept 2020: Mandagstur til Horndalsvatnet

20200604_203858.jpg

Horndalsvatnet er ei litt skjult perle. Her er det like fint i sol som i regn/tåke. I kveld var det overskya og berre litt regn, og vi fekke ein fin tur.

14.sept 2020: Mandagstur til Botnasætra/Kråkenakken

20200528_201045.jpg

Regn og tåke hindra ikkje tre tobeinte og ein firbeint frå å ta turen. Vi gjekk på den gamle, nymerka stien opp til Botnasætra. Ein kjekk variant! Vi tok sjølvsagt turen til Kråkenakken også.

7.sept 2020: Mandagstur til Skipedalen

skipedalen.jpg

Det var meldt mykje regn og vind, men det skremte ikkje oss tre som tok turen. Våte vart vi, sidan det var vått i marka, men det vart både mindre regn og vind enn meldt. Ein litt bratt tur, men tydeleg og godt merka sti.  Kjekk tur!

31.august 2020: Mandagstur Furene-Ring

20190928_150800.jpg

Ein retteleg fin kveld der vi gjekk denne ruta. Vi gjekk "nedre trase" på veg opp til Ring, og så tok vi ruta via Nivskollen på returen slik at vi fekk flott utsikt mot vest. I kveld var vi 10 på tur

24.august 2020: Mandagstur til Ljøsådalsvatnet

lj_s_dalsvatnet.jpg

Kontrastane er store: Sist mandag var det sol og varmt; i dag var det skikkelig vått og haustleg temperatur, men tur blir det uansett ver. Og vi fire som ikkje lot oss stoppe av regnet, hadde ein kjekk tur. Til og med litt kaffi og sjokolade blei det. Her kan du lese turomtale

17. august 2020: Mandagstur til Hareid-Melshornet

20200701_141143.jpg

Vi gjekk ruta frå Ulset. Det var ein nydeleg kveld; sol, vindstille og varmt. Vi vart verande på toppen lenge, for denne kvelden ville vi nyte! Fem på tur i kveld.

10.august 2020: Mandagstur til Vikefjellet

Foto frå morotur.no
Foto frå morotur.no

Sola skein, temperaturen var fin og utsikta super! Ein flott mandagskveld. Vi gjekk ei lett rute: frå Bakkedalsvegen, til StikkUT!-posten og litt vidare på høgda bak.

22.juni 2020: Mandagstur Humberset-Vadstein via Hornet

20200606_173932.jpg

Dette var vårsesongens siste mandagstur. Oppstart igjen 10. august. Turliste kjem.
Denne gongen kombinerte vi mandagstur med stimerking. Vi starta frå Humberset, gjekk opp på Humbersetsætra og vidare opp til Hornet. Undervegs plukka vi med oss merkestaur. 

15.juni 2020: Mandagstur til Nordalsætra

20200615_195112.jpg

Vi møttest i Geitvika, gjekk på skogsveg og sti opp Norddalen og til Norddalssætra. Returen tok vi via Lisjedalen. 

8.juni 2020: Mandagstur til Laupsnipa

laupsnipa.jpg

Vi fulgte ruta som på morotur.no. Yr hadde lovd sol, men tåka/skylaget var tregt. Vi fekk uansett ein kjekk og fin kveld, først til Laupsnipa og så vidare til Keipen. 

1.juni 2020: Mandagstur til Gjøna

gj_na.jpg

Flott tur på ytste søre Sunnmøre, med fantastisk utsikt! Lettskya og perfekt turver. 

25.mai 2020: Mandagstur til Hasundhornet

20180716_224601.jpg

No må vi leite etter turar utan snø, så turen gjekk til Hasundhornet frå Gardshol. 13 personar var med på ein flott, solrik og mild turkveld! 

18.mai 2020: Mandagstur til gapahuken på Lid

gapahuken_p_lid.jpg
Vi endra turmål på grunn av snøen og tok turen til gapahuken på Lid, eit svært godt alternativ. Ein flott mandagskveld med sol og litt varme. Vi var sju på tur og alle heldt korona-avstand

11 turar på 11 veker

Koronautfordring: Gå 11 turar i vekene 18-28 og bli med i trekning av friluftspremiar! Utfordringa er over, og vinnarar vart Berit Håskjold og Elisabeth K. Larsen. Gratulerer! 

2020_registrering_11turar11veker.pdf
12Next

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761