Barneturlaget på veg til Helgehornet

Tilbakeblikk på 2022

Året 2022 er snart omme og det er tid for eit tilbakeblikk.

Vi har hatt eit tilnærma normalår sidan pandemirestriksjonane sakte, men sikkert forsvann på vårparten. Det er godt å kome tilbake til normalen.

2022 starta med dameskikveldar. Kvar mandag var det tilbod om dameskikøyring, så sant det var snø. Siste kveld var den 21. mars. Stor takk til Volda skisenter for godt samarbeid, og takk til dei som tok ansvar for å køyre trekk og hjelpe til i bakken, slik at vi framleis kan ha dette tilbodet!

I mai starta mandagsturane. Først tur gjekk til Eiksundsætra den 9. mai. Siste tur var sesongavslutninga på Prestesætra den 29. september. Mellom desse to turane, hadde vi 12 varierte turar. I alt har 38 personar vore med på turane. Les meir på den gamle nettsida vår.

Årets hausttur gjekk til Jølster, som vanleg siste helga i august. Vi gjekk to fine turar: Jølstraegga og Hamnanova. Mange besøkte også dagsturhytta Fjellro. Jølster er eit flott turområde! Dei fleste av oss hastar forbi på veg ein eller annan plass, men her er det absolutt verdt å ta ein turstopp! 17 var med på turen. Les meir på den gamle nettsida vår.

Barneturlaget har også kome i gang med aktivitetar igjen. Det har vore tur til Helgehornet og til drikkesteinen på vegen opp til Botnasætra. Så var vi også i år medarrangør på Melshornløpet. Laurdag før første søndag i advent, leda barneturlaget lystoget opp til Kalsethola, der adventsstjerna vart tent.

Søndag 7. august arrangerte KFUM Volda Volleyball, Friluftsforeninga Volda og VTI Diskgolf «Vår dag» på Årneset. Dette var ein del av frivilligåret 2022. Dei som ville kunne vere med Volda-ordførar Sølvi Dimmen på tur opp Elvadalen. Her var det natursti og historier om Elvadalen. På Årneset var det volleyballturnering, gratis pølser, drikke og frukt, og dei som ville fekk prøve seg på diskgolf.

Stikk UT!: Friluftsforeninga samarbeider med Volda kommune og friluftsråda om Stikk UT! Vi foreslår turmål, registrer turar på morotur.no og vi hjelper til med å får ut skilt og kodelappar. No er det turar nesten heile året. Sommarsesongen går frå 1. mai til 30. oktober og 15. desember startar vintersesongen med både fot- og skiturar. Vintersesongen varer til 2. påskedag

Magne Haugens minnefond har delt ut midlar til følgande tiltak:

  • Ørsta skisenter: Element til barneparken kr. 80.000
  • Sunnmørsk klatreklubb: Brattkort og utstyr kr. 35.778
  • Hornindal skisenter og IL: Skileikområde med crossløype ved skisenteret kr. 100.000

I tillegg får BUA Volda kr. 50.000 i driftstilskot kvart år.

Nokre av tiltaka som har fått tildelt midlar tidlegare, har først i år fått gjennomført aktivitetane. Dette gjeld mellom anna gratis rideleir (Volda rideklubb) og gratis barneskikøyring fredagar (Volda skisenter)

Søknadsfrist for midlar frå Magne Haugens minnefond er 15. august og 15. februar kvart år.

Soppdag i Aasentunet: 24. september arrangerte vi soppdag i samarbeid med Nyttevekstforeninga, Ålesund. Der fekk ein høve til å gå på sopptur og få ein kjapp introduksjon til sanking, matlaging og sikker sopp. 

Dugnadar: Skilting og merking av turstiar held fram. Nytt av året er at vi har inngått eit samarbeid med Volda ungdomsskule der elevar bygger kloppar som Friluftsforeninga plasserer ut i terrenget på dugnad. Vi fekk såvidt starta arbeidet før det kom frost og snø. Dei første kloppane vart lagde ut frå Turnhytta mot Dunderhoff. Arbeidet held fram til våren; kloppane ligg klare.

Gåvemidlar: Også i år har bankane vore rause med oss. Vi synest sjølv vi gjer eit viktig arbeid for innbyggarane, for trivsel og for folkehelse, men utan slike midlar hadde vi ikkje fått til merking, skilting og klopping. I år har vi fått slike midlar:

  • kr. 50.000 frå Sparebank1 Søre Sunnmøre til klopplegging av turstiar
  • kr. 40.000 frå Sparebanken Møre til klopplegging av turstiar
  • kr. 25.000 til skilt frå Sparebanken Vest

Elles har de kanskje oppdaga at vi har fått ny heimeside og ny logo. Håper de likar den 🙂

Her er nokre bilete frå turane:

Aktivitetar