Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Mandagstur til Sandsøya

mai 1, 2023 @ 10:00 am - 5:00 pm

Årets første mandagstur fell på 1.mai og det betyr at vi kan ta ein dagstur.

Vert det bra ver, går turen til Sandsøya. Ei perle ytst ute der vi skal gå den flotte Sjutoppsturen. Dei som vil kan også få med ein topp nr. 8: Dollsteinen.

Sjutoppsturen er 15 km lang, går over fem fjell og sju fjelltoppar, og byr på 1000 høgdemeter.

Turen er under planlegging og det vil kome meir informasjon når det nærmar seg. Det er mulig det vert båtskyss frå Larsnes til Sandsøya/Rosenlund. Eit godt alternativ er å ta ferge frå Larsnes kl. 9.40, med retur enten kl. 15.15 eller kl. 17.00.

 

 

Detaljer

Dato:
mai 1, 2023
Tid
10:00 am - 5:00 pm

Arrangør

Friluftsforeninga Volda