logo_i_ver_og_vind.jpg

Vi blæs liv i barneturlaget!

turbingo.png
Første arrangement for den nye foreldregruppa blir turbingo under Øyralangs 19. oktober. Du får utdelt bingoark på Årneset mellom kl. 18 og 18:30. Ta med penn! Premiar gitt av Møretrygd, SpareBank1 Søre Sunnmøre og Sparebanken Møre. Europris har også bidratt.
Nærmare informasjon kjem på fb-sida til Øyralangs og på barneturlaget si fb-side 

Turoversikta er ikkje heilt spikra endå, men det blir arrangement om lag ein gong pr. mnd.

30.november blir det fakkeltog til Kalsethola og tenning av Adventsstjerna.

I januar blir det båltur einkvan plass. I februar truleg tur til ein gapahuk på Berkneset, og i mars er planen skitur i Rotevassdalen.

Du finn kontaktpersonar til barneturlaget i menyen under "Om oss"

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761