logo_i_ver_og_vind.jpg

StikkUt!

stikkut_fottur.jpg

1. mai starta fottursesongen. I heile Møre og Romsdal er det over 500 turmål! 18 av desse er i Volda kommune. Alle kommunane på søre Sunnmøre er frå 2022 med i StikkUT! så det er mange turar i nærområdet vårt. Les meir om STikkUT! på Volda kommune si heimeside

LITT OM STIKKUT:

På https://www.stikkut.no/ finn du meir informasjon. Dersom du ikkje har vore med før, må du først lage deg ein brukar. Gå inn på "Ny bruker" under "Registrer kode" (sjå bilete) og då er du i gang! Last gjerne ned appen, så kan du registrere deg når du er på turmålet.  God tur!

SUNNIVA TOK ALLE VINTER- OG SKITURMÅLA!

Andre påskedag var siste dag med StikkUT!Vinter. Mange har deltatt også i år, men ein ekstra imponerande sesong av Sunniva Vågen Dimmen. Ho har vore på alle turmåla i Volda kommune, og dermed også utfordra seg sjølv ved å ta turen til Melshornet! Sunniva går på turski og er ikkje like trygg i bratte nedoverbakkar, men ved å bruke kreativiteten kom ho seg trygt ned att. Det er godt å kjenne på meistring når ein har utfordra seg sjølv! Gratulerer!StikkUT! skal vere akkurat det du gjer det til sjølv; besøke nye turmål, besøke flest mogleg turmål eller besøke dei same kjende turmåla gong etter gong. Det viktigaste er at du kjem deg ut, men du kan gjerne utfordre deg sjølv litt også, slik Sunniva har gjort :)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586