logo_i_ver_og_vind.jpg

StikkUt!

Sunniva på Melshornet
Foto: A. G. Vågen
Sunniva på Melshornet Foto: A. G. Vågen

1. mai startar fottursesongen, men du kan alt no gjere deg kjend med alle turmåla, over 500 faktisk. Sjå informasjon på Volda kommune si heimeside

I Volda kommune er det 18 turmål. I tillegg er alle kommunane på Søre Sunnmøre no med på StikkUT! så det er kort veg til mange fine turar med ulike vanskegrader. Nokre av dei vert mandagstur.

LITT OM STIKKUT:

På https://www.stikkut.no/ finn du meir informasjon. Dersom du ikkje har vore med før, må du først lage deg ein brukar. Gå inn på "Ny bruker" under "Registrer kode" (sjå bilete) og då er du i gang! Last gjerne ned appen, så kan du registrere deg når du er på turmålet.  God tur!

SUNNIVA TOK ALLE VINTER- OG SKITURMÅLA!

Andre påskedag var siste dag med StikkUT!Vinter. Mange har deltatt også i år, men ein ekstra imponerande sesong av Sunniva Vågen Dimmen. Ho har vore på alle turmåla i Volda kommune, og dermed også utfordra seg sjølv ved å ta turen til Melshornet! Sunniva går på turski og er ikkje like trygg i bratte nedoverbakkar, men ved å bruke kreativiteten kom ho seg trygt ned att. Det er godt å kjenne på meistring når ein har utfordra seg sjølv! Gratulerer!StikkUT! skal vere akkurat det du gjer det til sjølv; besøke nye turmål, besøke flest mogleg turmål eller besøke dei same kjende turmåla gong etter gong. Det viktigaste er at du kjem deg ut, men du kan gjerne utfordre deg sjølv litt også, slik Sunniva har gjort :)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586