logo_i_ver_og_vind.jpg

10.sept 2018: Offisiell opning av stadionparken kl.17

stadionparken_opning.jpg

Flott opning av Stadionparken i dag! Mange møtte opp til opninga. Det er kjekt å sjå at så mange set pris på parken.
Barneturlaget hadde natursti og mange vart med på det!

Vil du gi støtte til Stadionparken? Du kan Vippse til 533466

Den har blitt fantastisk flott og vi er stolte over å vere med på dette! Velfortjente blomster til Cecilie (m/fam) som har lagt ned mange timar i parken  Mange vart med på naturstien som barneturlaget arrangerte.
Pressa var også til stade og laga fine omtalar, men det er underleg at dei har fått dette til å bli sykkelpark (Nærnett) eller leikepark (Mørenytt)...

Stadionparken er ein mangfaldig aktivitetspark for ALLE, ung som gamal, enten ein vil leike, trene, skate, ligge på plenen og prate, øve på trafikkreglane.....
PARKEN LIGG DER KLAR TIL BRUK FOR DEG!
Den beste gåva vi kan få, vi som har laga parken, er at den blir brukt 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761