logo_i_ver_og_vind.jpg

Medlemskap 2022

kontingent.jpg

Nytt år betyr vel at det er tid for å fornye medlemskapen? Friluftsforeninga har svært rimeleg kontingent: kr. 250 pr. år, og det er for heile familien! Om du vil støtte oss utan å vere medlem, kan du også gjere det. SLIK KAN DU BETALE ELLER GI GÅVE

  • Du kan vere med på arrangement som t.d. mandagsturar, skidamekveldar, barne-/familieaktivitetar, hausttur
  • Du støttar arbeidet vårt med å legge til rette for friluftsliv. Vi ryddar og merkar turstiar, set opp skilt og turtavler
  • Vi er sterkt delaktig i opparbeiding og vedlikehald av Stadionparken
  • Vi støttar drifta av utlånsentralen i kommunen med ein fast sum pr. år, og vi har donert alt utstyr vi hadde til sentralen
  • Vi samarbeider med kommunen om StikkUT! der vi m.a. bidreg med å legge turane på morotur.no, merkar rutene og får opp kodelappar
  • Vi gir støtte til aktivitetar som vanskelegstilte barn og unge kan ha glede av

I tillegg har vi enkeltarrangement som toppskiturar, måneskinsturar, paddesafari og anna som fell oss inn.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586