logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagsturar 2022

20210607_193753.jpg

Mandagstursesongen står for døra. Første tur vert 9. mai. Så går det slag i slag heilt til siste mandag i september, der vi avsluttar med bad og bål på Andaneset. Programmet for heile sesongen er klart og du finn det i vedlegget. 

Kvar tur vert nærmare presentert både på her på heimesida og på fb/Instagram nokre dagar før.

Vi oppmodar om samkøyring. Møt opp på parkeringsplassen ved høgskulen ved rundkøyringa. Avreise kl. 18.00.

Sidan turleiar jobbar i Herøy, vil eg oftast møte dykk i nærleiken av turstart når turane er på ytre søre Sunnmøre

Informasjon om mandagsturane her

2022_mandagsturar.pdf

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586