logo_i_ver_og_vind.jpg

No kan de søke på midlar frå Magne Haugens minnefond

barn_i_aktivitet_1.jpg

Har de ein ide eller planar om tilbod som kan vere til glede for for vanskelegstilte barn og unge i Volda/Ørsta? Då kan de søke! Her kan du lese om minnefondet. 

Søknadsfristen var 15.10.2020. Det kom inn seks søknadar og desse blir no handsama av styret. 

201015_mh_minnefond_s_knad.pdf

Volda rideklubb har arrangert gratis rideleir

rideleir_volda_rideklubb_2.jpg

Volda rideklubb har i helga arrangert rideleiren som dei fekk støtte til frå Magne Haugens minnefond. Alle 12 plassane vart fylde opp. Flott ver laurdagen toppa det heile! Tilbakemelding frå deltakarane var berre positive, dette var utruleg kjekt for alle. 

Takk til Volda rideklubb!

Magne Haugens minnefond - søknad på midlar

Friluftsforeninga Volda har mottatt arv etter Magne Haugen. Midlane skal kome vanskelegstilte barn og unge til gode, og det kan søkast om støtte til ute-/friluftsaktivitetar. Styret har vedtatt følgande tildeling for 1.halvår 2020:

- Bratt sykkelklubb: Kr. 50.000 i tilskot til sykkelløypa i Bratteberg
- Volda rideklubb: Kr. 24.000 i tilskot til gratis rideleir
- Volda skisenter: inntil kr. 80.000 til gratis barneskikveldar fredagar

Ny søknadsrunde i haust. 

18.juni 2019: Ekstraordinært årsmøte kl.19:00

m_te.jpg

Stad: Sparebank1 Søre Sunnmøre i Volda
Agenda: Forvaltning av arv på kr. 3,8 mill
Sjå protokoll i vedlegget

190618_ekstraordin_rt_rsm_te_ffv_arv_proto.pdf

Arv etter Magne Haugen

Friluftsforeninga sitt barneturlaget er testamentsarving etter Magne Haugen. Arven skal gå til gode opplevingar for barn og unge i Volda/Ørsta.

Mai 2019: Arveoppgjeret er avslutta og det vert kalla inn til ekstraordinært årmøte, muligens i løpet av juni.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761