| | |
| | | |
Konserten var i regi av prosjektet "Korps på friluftstur" Friluftsforeninga samarbeider med skulekorpset, og vi oppmodar om å møte opp på konsertane som skulekorpset skal ha. Det blei ein flott konsert med flotte rammer.
God jul og godt nyttår til dåkke alle! Året ebbar ut og det er tid for å ta eit tilbakeblikk på 2019.
Prisutdelinga
Volda kommune skriv: Frivilligprisen er ein pris som skal tildelast ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. I år gjekk prisen, svært velfortjent, til Berit og Per Ernst
Friluftsskule i vinterferien!
Ålesund- Sunnmøre Turistforening, Sunnmøre Friluftsråd og Aalesund Skiklubb inviterer til vintermoro for barn frå 9 til 13 år. Les meir HER
Her blir det mykje moro. Bli med då vel! Frå 20.-22.februar i Ørsta. Er det vaksne som kan vere "bakvakt", d.v.s. bidra med henting dersom noko skulle skje? Ta kontakt med arrangør
Nytt høvet, det er ikke godt å vite kor lenge det varer. (07.02.2018)
Friluftsforeninga har turskøyter til utlån. Dette er lengdeløpskøyter som du bruker skiskoa på. (Sjå info under Utstyr i menyen) Kontakt Koen/Lundberg på tlf. 91688312 / 97984310 om du vil låne Flotte skiforhold! Her er tips til tur-/aktivitetsområde nær Volda
Volda skisenter: Alpinanlegg. Her er det i tillegg langrennsløyper og skiskytararena. Frå skisenteret kan du ta topptur til Melshornet. Du kan også starte denne turen frå parkeringsplassen ved Helgatun. Herifrå kan du også gå innover Rotevassdalen. her er det ulike turmål, t.d. Rotevassætra.
Frå Ørsta skisenter er det fint å ta turen til Åmskaret. Du kan også ta topptur til Veirahaldet (1200 moh)
Biene er viktige! Her kan du få vite meir om dei. Dette er kjekt for både store og små! Eit samarbeid med Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. Arrangementet er gratis og startar kl.12.
Presentasjon av tilboda våre
I lag med mange andre presenterte vi oss på Voldadagen. Det var god deltaking og godt oppmøte. Vi hadde bra besøk.
"Ein hedersmann takkar av!", skriv Sunne kommuner på si fb-side. (mai 2016)
Volda er heldige som har mange ildsjeler. Nokre av dei har fått på plass stjerne ved Kalsethola. Den skal skine over Volda i advents- og juletida. I samband med tenninga vart det fakkeltog til Kalsethola. VELKOMMEN !
Kom deg ut-dagen i Volda vart arrangert på Raudehytta (Kleppesætra). Mange vart med på ein kjekk dag. Det var bål, turtipp og akekonkurranse. Takk til arrangørane!
Ålesund og Sunnmøre turistforening var arrangør.
Det er mange kjekke aktivitetar for familiar i Volda og Ørsta i sommar. Sjå lenker under, så finn du kanskje noko som DU har lyst til å vere med på. Turorientering og jakt på postar er også tips til kjekk sommaraktivitet.
Barmarksaktivitetane 2016 startar opp!
Barneturlaget: Tur til Uglesætra på Dimna 28. mars. Mandagsturane startar opp 2.mai. Kom gjerne med ønske/turforslag! Turorienteringa tek vi sikte på startar tidleg i mai. Vi treng som vanleg hjelp til å legge ut postar. Info kjem!
Utvalet ønskte å møte frivillige lag og organisasjonar. Leiar i Friluftsforeninga Volda var invitert til å halde innlegg om "Frivillige si rolle i å utvikle gode/mangfaldige aktivitetsområde"
Nytt turkart og merking av turstiar
Spanande møte med Volda kommune i dag (26.09.12). Frivillege lag, organisasjonar og enkeltpersonar var inviterte til oppstartsmøte for utarbeiding av turkart og merking av turstiar i Volda. Konklusjonen er at ein vil starte i det små og så utvikle dette etterkvart som ein gjer seg erfaringar. Her vil friluftsinteresserte få høve til å engasjere seg og å bidra med ryddearbeid, merking o.l.
Sjølv om skisesongen er over for i år, inviterer vi no med alle skidamene til gå-eller joggetrening langs eller rundt Rotevatnet kvar torsdag kl.19.00, med oppmøte på Årneset.
Det er sett opp fleire grindbygg og ei gamme i naturen kring Volda sentrum. Her kan du søke ly om du vil.
Mange var med på paddesafarien!
Våren er her og med det startar vi også opp aktivitetar i Friluftsforeninga
15. september 2013: Ivar Aasen-tunet arrangerer soppdag
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | |