logo_i_ver_og_vind.jpg

Hausttur 2022 til Jølster

Utsikt frå Bolsetnipa
Utsikt frå Bolsetnipa

Endeleg kan vi arrangere hausttur igjen! 26. - 28. august legg vi turen til Jølster der vi skal gå nokre flotte turar. Ved påmeldingsfristen den 3. juli, var det 17 påmelde. Har du lyst til å vere med? Kontakt oss på friluftsforeninga@gmail.no så ser vi kva vi får til.

Vi har reservert rom på Thon hotel Jølster på Skei:
  • enkeltrom: kr 1995,-
  • dobbeltrom: kr 2600,-.
Prisane inkluderer middag, overnatting fre - søn, frukost og matpakke som ein smører sjølve ved frukostbuffeten.
Blir det kamp om plassane, gjeld første mann/kvinne til mølla-prinsippet.
Turar:
Her er mange fine turar å velge mellom. Vi har valgt flotte utsiktsturar:
  • Fredag: Fellestur til dagsturhytta Fjellro for dei som vil. Ein fin oppvarmingstur til turane resten av helga. Kjem du tidleg, kan du gå vidare til Fuglastøylen og Håheimsfjellet frå dagsturhytta
  • LørdagJølstraegga. Dagstur på om lag 6 t
  • Søndag: Hamnanova, eit flott utsiktspunkt som ligg på 750 moh.. Dei som vil kan gå vidare bakover mot Snøfjellet (992 moh.)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586