| | |
| | | |
1. mai startar ny sesong med Stikk UT!-fotturar. Årets turar finn du her. Hugs også å laste ned den nye Stikk UT!-appen
Friluftsforeninga har ansvar for nokre av turane. Vi vil trenge hjelp til å få ut skilt og kodelappar.
Ti TURmål vart avvikla etter 2016. Friluftsforeninga Volda har ansvar for turbøker på nokre av turmåla
Ti Turmål 2016: Gildrehammaren
På grunn av lite oppmøte dei siste sesongane på fellesturane, blei det ingen tursøndag/fellestur i år
Turomtale på Volda kommune si heimeside. Morotur Gildrehammaren Ti TURmål 2015: Vadsteinsætra
Vadsteinsætra har hatt 67 registrerte besøk i turmålperioden. Vinnar av TiTurmål-premien vart Elisabeth Innselset. Gratulerer!
Friluftsforeninga Volda sitt turmål i år er Vadsteinsætra. Her finn du turomtale: Morotur - Vadsteinsætra frå Vadsten. Morotur - Vadsteinsætra frå Krøvelsætra Her er dei andre turmåla i Ti turmål 2015 og HER er oppsummering av årets Ti Turmål-sesong
Det var ingen som møtte på fellesturen. Det er nok ikkje fordi folk har slutta å gå på fjellet; snarare tvert i mot. Kanskje nytta mange dagen til ein kviledag etter mange finevers- og fjelldagar?
21. september ti turmål-søndag: Siste ti turmål-søndag gjekk til Melshornet. Det var ope på Turnhytta med servering av saft og banan og høve til ein prat. Litt regn og vind var det på denne dagen så det var ikkje så mange som tok turen, men for dei som var ute på tur, var det ein kjekk tursøndag.
Ti TURmål 2014: Vinnar av premien på Melshornet vart Reidun Haanes Egge
Premien frå friluftsforeninga var ei hovudlykt. Gratulerer!
Friluftsforeninga sitt turmål i 2013 er Botnasetra. Du finn turomtale under.
Friluftsforeninga Volda arrangerte Ti Turmål-søndag til Botnasetra, vidare til Skarphornet og ned att i Høgedalen. Det var mange på tur denne fine dagen og dei som blei med på heile runda hadde ein flott tur i, for dei fleste, litt ukjent terreng. Turomtale HER
Ti TURmål 2012: Gildrehammaren
Gildrehammaren er Friluftsforeninga sitt Ti TURmål i 2012. Ein sentrumsnær tur med flott utsikt! Les om turen HER
Den opprinnelege tursøndagen var sett opp 16.september. Dette er same dag som det er Kvivsvegarrangement. Vi arrangere difor TURMANDAG i staden, den 17.september. Sjå annonse i Møre!
Informasjon om alle ti turmåla finn du på Volda kommune si heimeside: Trykk HER
Ti turmål-søndag vart endra til turmandag p.g.a. opning av Kvivsvegarrangement
Grinda
Grinda er Friluftsforeninga sitt turmål i år. Dette er ei grindaløde som ligg øvst på Klepp i Volda sentrum. Det er eit hyppig besøkt turmål; naturleg nok sidan den er lett tilgjengeleg og sidan det er svært god utsikt utover Volda her i frå. I 2005 var Rotary 100 år og Volda Rotaryklubb ga Grinda i gåve til Volda kommune.
Grindaløda
Det vart ein flott turdag med temperatur som varma, etter fleire våte og litt kalde dagar. 7 store og små vart med på fellesturen, men mange fleire var på Grinda denne dagen; vi møtte mange av dei.
Ti TURmål 2010: Reset/Volda skisenter Les meir HER
Friluftsforeninga sitt turmål i 2010 er Reset/Volda skisenter. For å kome til dette turmålet kan du til dømes gå den nye skogsbilvegen frå pumpehuset øvst i Brattebergfeltet. Returen kan du ta via Driveklepp og Dalen. Bilete frå turområdet kan du sjå HER
Tursøndag 30.mai: Omlag 60 personar - frå 3 mnd til vel 80 år - kosa seg i sola på Reset. Dei fleste gjekk den nye skogsvegen frå høgdebassenget, men nokre kom også andre ruter. Her var både gåande, trillande og syklande turfolk. Volda skisenter hadde leita fram grillane så vi fekk grilla oss pølser og anna turmat. Ein flott dag!
Ti TURmål 2009 på Rotsethornet: 805 registrerte besøk!
Rotsethornet
Det har blitt trekt ut 2 vinnarar som får gåvepremier, men desse blir ikkje offentleggjorde endå. Det skal også trekkast premievinnarar på alle dei andre turmåla. Registreringsbøkene til Ti Turmål har lagt ute i perioden 1.mai-30.september.
FOTOKONKURRANSE i samband med Ti Turmål 2009: Informasjon finn du på Volda kommune si heimeside. Trykk HER
Omlag 30 personar trossa vind og regn og blei med på tur til Rotsethornet. Stien opp var slett ikkje så verst til tross for mykje nedbør siste tida. Det var også ganske mildt, og heller ikkje så mykje vind og regn. Matpausa på toppen kunne vi faktisk nyte i sol! Etter 2 t var alle på toppen. Det var fin spredning i alder,- den yngste 5 år og den eldste 77 år. Nokre var der for første gong og andre hadde vore der fleire gongar før. Vi gjekk opp framsida og ned att Lisjedalen. Litt glatte røter i Lisjedalen, men vi tok oss god tid og alle kom heile ned att.
Takk for ein flott tur til alle som var med!
Friluftsforeninga har ansvar for desse turmåla i 2008: - Skarphornet - Volda sentrum TURSØNDAG: 8. JUNI - Høgefjellet - Grøndalen TURSØNDAG: 14. SEPTEMBER
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | |