Skitur til Raudehytta med barneturlaget

Velkomen til skitur til Raudehytta med Friluftsforeninga sitt barneturlag.

Oppmøte ved grindløa på Volda skisenter kl. 11.00. Vi går øvre trasé til Raudehytta. Det er ca 1,5 km å gå. Turen høver både for små og store skiløparar, og for pulk. Ta gjerne med rumpeakebrett til å ake ved hytta.
Vi tenner opp bål og kosar oss ved hytta om det er vèr til det. Ta gjerne med ein vedkubbe og noko å grille.

Fortell gjerne om turen til andre. Les meir på facebook 

Viss du ikkje har ski, kan du sjekke om BUA Volda har skiutstyr som du kan låne.