Volda skisenter stenger for vinteren og dameskikveldane 2016 er difor avslutta
Heismann Hå og Berit nyttar høvet til å takke for nok ein fin sesong. Damene har synt imponerande innsats og stor skiglede! (28.03.16)
Du vil få råd og rettleiing om du ønsker det. Dersom du har lyst til å prøve snøbrett, har du også høve til det. Friluftsforeninga har snøbrett til utlån.
Damekveldar på ski er eit medlemstilbod for damer over 18 år. Dei som ikkje er medlemer i Friluftsforeninga frå før, må altså betale medlemskontigent (kr.200) for å vere med på dette, men du får lov til å prøve deg før du bestemmer deg. I tillegg skal Volda Skisenter AS, som stiller anlegget til disposisjon for oss, ha ei trekkleige, som rimeleg er. Denne er kr. 300,- for 2016. NB! Sesongkort kan ikkje nyttast
Du får innbetalingsblankett ved slutten av skisesongen.
Vi vonar du får mange trivelege skiopplevingar på damekveldane på Reset!