logo_i_ver_og_vind.jpg

Dameskikveldane er slutt for sesongen 2013

Snøbrettdame
Snøbrettdame
Tusen takk for mange fine kveldar!

Heismann Hå ber om at du melder deg i heisbua når du kjem(m.a. slik at han kan registrere namnet og e-postadressa til nye deltakarar). I bakken finn du hjelparar iført vestar med VAKT på ryggen. Det er flott om du sjølv stoppar og ber om hjelp, for det er ikkje alltid vaktene ser kven som ynskjer råd og instruksar.

Damekveldar på ski er eit medlemstilbod til medlemer i Friluftsforeninga Volda. Medlemskap kostar kr.200.-. I tillegg skal Volda Skisenter AS, som stiller anlegget til disposisjon for oss, ha ei trekkleige. Denne kostar kr.300.- for sesongen 2012.    
NB! Dei som har sesongkort skal ikkje betale trekkleige! Du får innbetalingsblankett ved slutten av skisesongen. 

VEL MØTT!!

Friluftsforeninga er glade for å kunne tilby skikveldar for damer. Dette er eit unikt tilbod som mange damer rundt omkring i landet misunner oss. Kvar mandagskveld, så lenge det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Reset frå kl.18.30-21.00
Damekveldane passar godt for deg som er usikker på ski, eller som ønsker å trene i trygge omgjevnader. Du vil få råd og rettleiing om du ønsker det. Dersom du har lyst til å prøve snøbrett, har du også høve til det. Friluftsforeninga har snøbrett til utlån.
Damekveldar på ski er eit medlemstilbod for damer over 18 år. Dei som ikkje er medlemer i Friluftsforeninga frå før, må altså betale medlemskontigent for å vere med på dette. Denne er på kr. 200,-. I tillegg skal Volda Skisenter AS, som stiller anlegget til disposisjon for oss, ha ei trekkleige. Denne er på kr. 300,- for vinteren 2012.
NB! Dei som har sesongkort skal betaler ikkje trekkleige! Du får innbetalingsblankett ved slutten av skisesongen.

Vi vonar du får mange trivelege skiopplevingar på damekveldane på Reset! Ansvarleg: Berit Koen, tlf.: 91688312 / 70077704 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586