logo_i_ver_og_vind.jpg

Damekveldar på ski

Friluftsforeninga er glade for å kunne tilby skikveldar for damer. Dette er eit unikt tilbod som mange damer rundt omkring i landet misunner oss. Kvar mandagskveld, så sant det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Volda skisenter frå kl.18.30-21.00

Kontaktpersonar: Eli-Mette Lüthcke, tlf.: 48258524 og Runa Bakke, tlf.: 91621147

Damekveldane passar godt for deg som er usikker på ski, eller som ønsker å trene i trygge omgjevnader, eller som rett og slett har lyst til å renne på ski i lag med andre damer. Du vil få råd og rettleiing om du ønsker det, og vi hjelper kvarandre. 

Damekveldar på ski er eit medlemstilbod for damer over 18 år. Dersom du ikkje er medlem i Friluftsforeninga frå før, må du altså betale medlemskontingent for å vere med på dette. Denne er på kr. 250,-. I tillegg skal Volda Skisenter AS, som stiller anlegget til disposisjon for oss, ha trekkleige. Denne er på kr. 300 pr. sesong.  

Betaling med Vipps:
- Trekkleige: Betal direkte til Volda skisenter med Vipps: Velg Send → Søk opp Volda skisenter ((#131285) → beløp kr. 300 og skriv Dameski i meldingsfeltet.
- Medlemskontingent: Vippsnummer #6475855

Betaling til konto:
- Trekkleige skal betalast til kontonummer: 3991 40 38395 (Kr. 300) Merk innbetalinga med dameski
- Medlemskontingent til kontonummer: 3991 04 19254 (kr. 250,-)

Vi vonar du får mange trivelege skiopplevingar på damekveldane på Reset!

NB! Du kan få ein prøvekveld dersom du lurer på om dette er noko for deg.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586