AVLYST: Ingen dameskikveld måndag 4.april! Sesongen er avslutta
Etter ei totalvurdering har vi vurdert forholda slik at det ikkje vert dameskikveld i dag. Det betyr at sesongen er avslutta etter 13 kveldar med dameskikøyring. Heismann Hå og Berit takkar alle blide damer for flott innsats! Vonar de får mange fine vårskiturar i Sunnmørsfjella i påska:)
Kvar måndag frå kl.18.30-21.00 tilbyr Friluftsforeninga Volda skikveld berre for damer frå 18 år og oppover. Ingen øvre aldersgrense. Heismann Hå styrer familietrekket og Berit er tilgjengeleg i bakken for den som ynskjer råd og hjelp til å utvikle teknikken.
Meld deg til Heismann Hå for registrering når du kjem. Vilkår som før: medlemskap i Friluftsforeninga Volda, kr.200.-, pluss kr. 300.- i trekkleige for dei som ikkje har årskort/bedriftskort.