logo_i_ver_og_vind.jpg

2015: Dameskikveldane på Volda skisenter er no avslutta.

telemarkdame_1.jpg

Det har vore ein fantastisk skisesong. Kvar mandag frå 5.januar til 16.mars har det vore dameskikveldar (med unntak av ein kveld). Damene melder om kjekke og lærerike skiøkter. Tusen takk til Volda skisenter som legg forholda så godt til rette, og ikkje minst til Berit og Per Ernst som er primus motorar, og til Ingunn som stiller med te som varmar i både kropp og sjel! Vi satsar på ein like fin skisesong neste år.

Kvar mandagskveld kan du øve på å renne på ski i ro og fred. Om du vil, kan du også få råd og hjelp. Kom med dei skia du har; telemark, slalom, randonee, fjellski, eller kanskje du helst vil renne på brett? 
Meir informasjon finn du under Aktivitetar - Skidamer i venstremargen.

Heismann Hå ber om at du melder deg i heisbua når du kjem(m.a. slik at han kan registrere namnet og e-postadressa til nye deltakarar). I bakken finn du hjelparar iført vestar med VAKT på ryggen. Det er flott om du sjølv stoppar og ber om hjelp, for det er ikkje alltid vaktene ser kven som ynskjer råd og instruksar.

Damekveldar på ski er eit medlemstilbod til medlemer i Friluftsforeninga Volda. Medlemskap kostar kr.200.-. I tillegg skal Volda Skisenter AS, som stiller anlegget til disposisjon for oss, ha ei trekkleige. Denne kostar kr.300.- for sesongen 2015.  
NB! Dei som har sesongkort skal ikkje betale trekkleige! Du får innbetalingsblankett ved slutten av skisesongen. 

Skikveldane er for damer over 18 år. 

 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586