| | |
| | | |
12. april blei siste damskikveld denne sesongen. Det var kjekt å få denne bonuskvelden. Vi satsar på nye kveldar neste sesong.
Det blei nokre få mandagskveldar med snø, og dei nytta vi godt. Totalt blei det fire kveldar der blide og fornøgde damer fekk boltre seg på ski.
Takk til Volda skisenter for godt samarbeid!
Friluftsforeninga er glade for å kunne tilby skikveldar for damer. Dette er eit unikt tilbod som mange damer rundt omkring i landet misunner oss. Kvar mandagskveld, så sant det er skiføre, disponerer vi familietrekket på Volda skisenter frå kl.18.30-21.00
Kontaktpersonar: Eli-Mette Lüthcke, tlf.: 48258524 og Runa Bakke, tlf.: 91621147
Avlyst på grunn av Korona-situasjonen. Vi var klare til å starte opp, men då snøen kom i mars var det ikkje aktuelt å starte opp pga smitteverntiltaka. Les om dameskikveldan HER.
Skiglede
Berit og Per Ernst har hatt ansvar for damskikveldane i 25 år! Dei gir seg etter denne sesongen, men vi reknar med å fortsette med med dette tilbodet. Vi tenker å å lage eit team som kan dele på ansvaret. Nokre har alt meldt i frå om at dei vil bidra. Vi kjem tilbake med meir info hausten 2019, men ta gjerne kontakt dersom du kan tenke deg å vere med i eit slikt team.
Damekveldar på ski sesongen 2017/2018
Vi har no avslutta damekjøringa etter ein fantastisk sesong. Heile 12 kveldar har vi hatt! Volda skisenter stiller anlegget til disposisjon og legg svært godt til rette for skiglade damer. Takk til dei for godt samarbeid! Takk også til Berit og Per Ernst som framleis stiller opp. Neste år vert det sesong nr. 25!!
Det vart to flotte kveldar; 9. og 16. jan. Etter det blei det dårleg med snø og dameskikveldane er difor avslutta for denne gong.
Heismann Hå og Berit nyttar høvet til å takke for nok ein fin sesong. Damene har synt imponerande innsats og stor skiglede! Om du ikkje har betalt trekkleige eller medlemsavgift, kan du no betale den også med mCASH. (28.03.16)
Det har vore ein fantastisk skisesong. Kvar mandag frå 5.januar til 16.mars har det vore dameskikveldar (med unntak av ein kveld). Damene melder om kjekke og lærerike skiøkter. Tusen takk til Volda skisenter som legg forholda så godt til rette, og ikkje minst til Berit og Per Ernst som er primus motorar, og til Ingunn som stiller med te som varmar i både kropp og sjel! Vi satsar på ein like fin skisesong neste år.
I 2014 vart det diverre ingen dameskikveldar
Ein snøfattig vinter gjorde at det ikkje vart ein einaste dameskikveld! Vi får håpe på betre snøtider i 2015.
Snøbrettdame
Tusen takk for mange fine kveldar!
Etter ei totalvurdering har vi vurdert forholda slik at det ikkje vert dameskikveld i dag. Det betyr at sesongen er avslutta etter 13 kveldar med dameskikøyring. Heismann Hå og Berit takkar alle blide damer for flott innsats! Vonar de får mange fine vårskiturar i Sunnmørsfjella i påska:)
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | |