logo_i_ver_og_vind.jpg

16.05.22: Mandagstur til radiostasjonen Frey

frey.jpg
Det var interessant å besøke radiostasjonen Frey. Dette var ein viktig observasjonspost under 2. verdskrig. Den ligg i Almefjellet høgt over Oksavika. Her kan du lese om radiostasjonen.
Vi var fire som tok turen kvelden før 17. mai, ein solrik og lys kveld. Ruta er godt merka og det er lett å finne fram. Den går først på god skogsveg, så går ein over på sti og det er småklyving siste 100 m. Godt lagt til rette med tau.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586