logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagsturar 2022

20210607_193753.jpg

Mandagstursesongen starta 9. mai. Så går det slag i slag heilt til siste mandag i september, der vi avsluttar med bad og bål på Andaneset. Programmet for heile sesongen er klart og du finn det i vedlegget. Les om turane i 2022 HER

2022_mandagsturar.pdf

15.08.22: Mandagstur til Storehanen

storehanen.jpg

Storehanen er eit "Moltufjell". Ein forholdsvis enkel tur til ein topp med flott utsikt, 471 moh. Her kan du få eit inntrykk av turen. Vi tek ei anna ruta på returen slik at vi går ei lita runde.

13.06.22: Mandagstur Høgedalen - Botnasætra

20210619_140521.jpg

Vi var berre to på tur denne mandagskvelden, men vi hadde ein kjekk og fin turkveld. Denne mini-overgangsturen gir fin utsikt ned mot Rotevatnet og ut fjorden. Ikkje ein regndrope, og kvelden var mild og fin.

06.06.22: Mandagstur Ringstaddalen rundt

7-toppstur_i_ulstein.jpg
Veret var supert så vi fekk ein flott tur Ringstaddalen rundt på denne 2. pinsedagen. Turen hadde start/slutt ved Haddal skule, og vi gjekk denne ruta: Haddal-Garnestua-Flåna-Løset-Kvamstua-Blåtinden-Haddalshornet

20.06.22: Mandagstur til Liavarden

20210920_184914.jpg

Liavarden, ein fantastisk tur med flott utsikt heile vegen. Denne bør du prøve! Vi starta i lett overskya ver og litt vind. Vinden auka på, men vi fann oss ein lun plass like nedanfor toppen og tok ein stopp før vi returnerte. 

30.05.22: Mandagstur til Eidssætra

20220530_193844.jpg

Det var mange som var nysgjerrige på den skjulte perla i den nye turboka Skjulte perler i Sunnmørsalpane. Heile 21 var med på turen. Det er fint med bøker som gir inspirasjon til å utforske nye turmål!

23.05.22: Mandagstur til Kornbergveten

20210821_180913.jpg

Ein fin tur til Kornbergveten frå Nautvika. Ruta går via Gamlegjerdet der det er flott utsikt inn Dalsfjorden, og vidare på sti med flott utsikt ut Voldsfjorden. Vi fekk nokre regndråpar, men ikkje meir enn at vi tolte det godt.

16.05.22: Mandagstur til radiostasjonen Frey

frey.jpg
Det var interessant å besøke radiostasjonen Frey. Dette var ein viktig observasjonspost under 2. verdskrig. Den ligg i Almefjellet høgt over Oksavika. Her kan du lese om radiostasjonen.

09.05.22: Mandagstur til Eiksundsætra

20210513_115639.jpg

Årets første tur gjekk til Eiksundsætra. Ein flott kveld. Turen går i flott terreng, og ein har utsikt mot fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde Vartdal)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586