| | |
| | | |
Haddalshornet
Så har vi lagt bak oss nok ein mandagstursesong, den 24. i rekka! I alt har vi vore på 15 turar, åtte før sommarferien og sju etter ferien.
Har du turønske for neste år? Send SMS eller e-post
Veten ved Flø
Vårsesongen er fullført med mange vellukka turar. Vi startar opp att med nye turar frå 16. august og held på til 27. september. Turlista for hausten er klar!
Turen gjekk igjen til Veten ved Flø. Ein flott kveld der det låg eit slør på himmelen som sola braut gjennom og laga magisk lys.
Vi avslutta mandagstursesongen på Andaneset friluftsområde. Ei skikkeleg perle! Vi starta med eit sjøbad, og så kosa vi oss med bål og drøs etterpå.
Turen gjekk til Rjåneskamben, ein av årets StikkUT!-turar. Ein kort og litt bratt tur, men vi fekk løn for strevet då vi kom opp, for utsikta er super!
Ni turgåarar var med på turen. Du finn turomtalen HER. Vi tok ein liten vri og gjekk på sti gjennom skogen på turen opp. Stien er litt lite brukt, men vi fann ruta,- og vi fann også sopp.
Fint på sætra
Vi hadde ein fin tur til Vadsteinsætra der vi gjekk denne ruta. Når ein går opp slike bratte bakkar, er det lett å få respekt for dei som har hatt dette som "arbeidsveg" til setra.
Vi møttest ved Haddal skule kl. 18.15. Gjekk vegen til stistart i enden av Einehaugen, opp Klungsdalen, og så stien utover til Haddalshornet. Nydelig utsikt frå toppen!
Utsikt frå toppen
Hidsegga ligg ute mot havet og har fantastisk fin utsikt! Dessverre var den dekt av tåke denne mandagen, men vi fann eit godt alternativ: gapahuken på Tverrliskaret.
Oppmøte ved krysset
Flott mini-overgangstur i nærområdet vårt. Variert tur med fleire utsiktspunkt og flott furuskog. Det var perfekt turver, dvs. slikt ver som flugene ikkje likar.
Vi møttest på parkeringsplassen nedanfor Standalhytta, gjekk opp til hytta og på sti bakover derifrå. Dette er ein fin tur midt i mektig, vill og vakker natur!
Turstart
Ein nydelig mandagskveld på Gurskøya. Sola skein og det var mildt og fint. Deilig å sitte på toppen og sjå på den flotte utsikt over ytre søre og mot Sunnmørsalpane.
Vi gjekk frå Austefjord skule, på god sti gjennom fin furuskog. Flotte utsiktspunkt undervegs og ikkje minst på toppen.
Vi starta turen kl. 12 frå parkeringsplassen ved Busetsætra, gjekk opp mot Litledalsvatnet og vidare på ryggen til topps. Det var fin temperatur og vi hadde stort sett sol på turen oppover.
Oppmøtestad
Denne mandagen tok vi turen til Herøy (turomtale finn du HER). Vi hadde småregn på heile turen, men mandagsturgåarane er like blide uansett ver.
Det ligg framleis litt snø i terrenget, men det gjekk greit å følge gamleråsa heile vegen opp.
3. mai startar vi årets sesong. Då går turen til Botnasætra. Planen er å gå gamleråsa, men er det for mykje snø der, går vi vegen. Dette er også StikkUT!-tur. Velkomne på tur!
Også i år må vi ha turar med godt smittevern. Merk deg difor smittevernreglane våre!
|
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | Vippsnummer: 647586 | |