logo_i_ver_og_vind.jpg

Ver lur, gå tur! - med godt smittevern

20190610_131937.jpg

Første fellesarrangement etter "koronastenginga" var mandagsturen 18. mai.  Føresetnaden for å ha fellesturar er at alle følger SMITTEVERNREGLANE under.

NB! Du skal ikkje delta viss du er sjuk, inkl. lettare forkjøla.

Vi må ta litt andre omsyn enn elles, m.a. kan vi ikkje gjennomføre felleskøyring på same måte som før. Parkeringstilhøva må difor takast omsyn til ved val av turmål; det må vere plass til fleire bilar enn ved tidlegare felleskøyring

Smittevernreglar for Friluftsforeninga:

  • Du skal vere frisk, og skal ha vore det siste døgnet før turen
  • Hald minst ein meter avstand på heile turen. Gjeld ikkje personar som lever saman til vanleg, og born treng heller ikkje halde denne avstanden
  • FFV skal føre liste over alle som deltek. Desse skal vi oppbevare i 14 dagar
  • I utgangspunktet ikkje felles transport. Hald min. ein meter avstand også i bil. Køyr helst felles berre med dei du elles omgåast, ev. max ein person du ikkje omgåast med
  • Vi sender ikkje rundt drikke/termos og liknande
  • Ha gjerne med antibac sånn i tilfelle....
  • Hugs gode hosterutinar!
  • Er du i risikogruppe, må du sjølv vurdere om du vil vere med

Her finn du dei nasjonale retningsliner under koronapandemien

2020_mandagsturar_haustsesongen.pdf
2020_mandagsturar_v_rsesongen.pdf

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761