logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagsturar 2020 - ei oppsummering

20200817_194844.jpg

I år har det vore eit annleis år, også for mandagsturane. Vi starta med individuelle turar med utfordringa 11 turar på 11 veker i månadsskiftet april/mai. Men 18. mai fann vi det trygt å starte opp med fellesturar. 

Smittevernomsyn har gjort at vi måtte planlegge litt annleis enn før. Mellom anna kunne vi ikkje presse oss saman i få bilar og sitte tett. Difor måtte det takast omsyn til betre parkeringstilhøve enn elles ved val av turmål. Men det er nok å ta av, så det har ikkje vore noko problem. Snøen kom seint og låg lenge, så turen til Lidaveten 18.mai måtte faktisk endrast! Det  er sjeldan kost at der er snø så lenge. Men då dukkar nye mulighieter opp, så vi fekk tatt turen til den flotte gapahuken på Lid! Turane har som elles vore i kommunane på Søre Sunnmøre, og vi har besøkt fleire StikkUT!-turar

Fun-facts:

  • 14 turar
  • Totalt 32 personar har vore med på turane
  • Snitt pr. tur: 7 (maks 13, min 3)
  • Stort sett fint ver på turane før sommarferien, medan det har vore vekslande på turane etter ferien
  • 8 turar i Volda kommune, 1 tur i Ørsta kommune, 2 turar i Sande kommune, 2 turar i Ulstein kommune, 1 tur i Hareid kommune

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761