logo_i_ver_og_vind.jpg

22.juni 2020: Mandagstur Humberset-Vadstein via Hornet

20200606_173932.jpg

Dette var vårsesongens siste mandagstur. Oppstart igjen 10. august. Turliste kjem.
Denne gongen kombinerte vi mandagstur med stimerking. Vi starta frå Humberset, gjekk opp på Humbersetsætra og vidare opp til Hornet. Undervegs plukka vi med oss merkestaur. 

Ruta er merka opp til Hornet, og i kveld merka vi vidare frå Hornet og ned til Vadsteinsætra. Frå Vadsteinsætra og ned til Vadstein er stien litt svakare, men her er merkepinnar i trea, så sjå etter dei dersom du er i tvil kvar du skal gå. Særleg nederste delen kan vere litt vanskeleg no når bregnene står meterhøge. Ein fin, mild kveld, også med litt sol, etter ein dag med litt regn. Akkurat slik Yr meldte. I kveld var vi sju på tur.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761