logo_i_ver_og_vind.jpg

21.sept 2020: Mandagstur til Horndalsvatnet

20200604_203858.jpg

Horndalsvatnet er ei litt skjult perle. Her er det like fint i sol som i regn/tåke. I kveld var det overskya og berre litt regn, og vi fekke ein fin tur.

Vi møttest ved turtavla i austenden av Rotevatnet og gjekk opp til Horndalsvatnet på den gamle skogsvegen. Der vi tok oss tid til å leite etter litt sopp før vi gjekk ned att. Vi tok den nyare skogsvegen ned att, og gjekk også innom gamma som ein student bygde og budde i for nokre år sidan. I kveld var vi tre på tur.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761