logo_i_ver_og_vind.jpg

14.sept 2020: Mandagstur til Botnasætra/Kråkenakken

20200528_201045.jpg

Regn og tåke hindra ikkje tre tobeinte og ein firbeint frå å ta turen. Vi gjekk på den gamle, nymerka stien opp til Botnasætra. Ein kjekk variant! Vi tok sjølvsagt turen til Kråkenakken også.

Slik finn du stien: Etter grinda går du rett fram i staden for å ta svakt til høgre. Du kjem då opp til Skinstøylen etter om lag 300 m. Like etter det vesle vatnet, ser du raude merke på høgre side av vegen. Stien er merka heile vegen. Siste halvdel er nokså bratt, men stien er fin så den er heilt grei å gå .

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761