logo_i_ver_og_vind.jpg

10.august 2020: Mandagstur til Vikefjellet

Foto frå morotur.no
Foto frå morotur.no

Sola skein, temperaturen var fin og utsikta super! Ein flott mandagskveld. Vi gjekk ei lett rute: frå Bakkedalsvegen, til StikkUT!-posten og litt vidare på høgda bak.

Turen frå Haukely er for lang på ein mandagskveld så vi køyrde difor bomveg til Bakkedalen og startar turen her, knapt 350 moh. Det vart difor ei lett rute på godt merka sti. Ved utsiktspunktet blir det no sett opp ein gapahuk. Her kan det verte godt å sitte. Vi var seks på tur i kveld.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761