logo_i_ver_og_vind.jpg

Oppsummering av årets mandagsturar

gapahuken.jpg

I år har vi hatt 17 turar: åtte turar i Volda, fire i Ørsta, tre i Ulstein, ein i Hareid og ein i Hornindal. Vi har nok av fine turmål å velge i!

Planlegging av 2020-sesongen er alt i gang og du kan gjerne kome med ønske.

Totalt har 62 personar vore med på turane og i snitt har det vore med 11-12 på kvar tur, flest på turen til Sandsøya 2.pinsedag. Dette var ein verkeleg flott tur der heile 28 personar var med.

Erfaringsmessig er det med flest på turane før sommarferien. Slik har det også vore i år.

Veret har variert frå varme solrike mandagar, til kjølige mandagskveldar med regn, vind og tåke. Men veret har ikkje stoppa oss og turane har stort sett gått etter oppsett plan. Men to gongar har vi måtta endre turmål på grunn av veret. (Lønndalsmannen og Hasundhornet)

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761