logo_i_ver_og_vind.jpg

9. september 2019: Mandagstur til Turnhytta

img_0055.jpg

Ein fin og mild kveld på sjølvaste valdagen! Vi gjekk frå høgdebasseng øvst i Bratteberg, via Heltnelihuken, Kortemyra og Dunderhoff, vidare til Turnhytta og til Dinglavatnet. Ein flott nærtur. 

Etter ein liten rast ved Dinglavatnet gjekk vi vegen ned att til førsta sving. Her tok vi av på sti ned mot Heltnelihuken og så gjekk vi Rasmusråsa ned att til høgdebassenget. Godt merka rute! Du finn ruta på morotur.no.   
Vi var seks på tur

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761