logo_i_ver_og_vind.jpg

10.juni 2019: 2.pinsedagstur til Sandsøya

img_9543.jpg
27 personar var med på sjutoppsturen. Følg lenka under for å lese om og for å sjå bilete frå turen
Rykta sa at Sjutoppsturen skulle vere ein fantastisk fin tur på ca 1000 høgdemeter og 15 km. Turen levde absolutt opp til forventningane! Vi brukte ca 6t på heile runda, inkl. ein avstikkar opp på til Dollsteinen. Veret var skiftande,- frå litt regn og vind i starten og til solgløtt etterkvart. Dette ga mykje flott lys og stadig nye "bilete" dukkar opp undervegs.
Vi leigde skyssbåt. Den gjekk kl.10 frå Larsnes fergekai og henta oss då runda var fullført. Flott service!
 

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761