logo_i_ver_og_vind.jpg

24.juni 2019: Mandagstur til Garnestua

Flott utsikt!
Flott utsikt!

Siste tur før sommarferien går til Garnestua i Ulstein kommune. Vi startar frå Løset og og går ned att til Haddal, altså ein overgangstur. Litt over middels krevande tur. Ca. 450 høgdemeter og 2,5 km frå Løset til Garnestua. 600 høgdemeter og 3 km ned att til Haddal

Vi startar frå Løset, øvst i Ringstaddalen, og går på god sti til Garnestua.  Frå Garnestua går vi ned att til Haddal over Ringstadhornet. Då får vi flott utsikt og solnedgang på turen ned til Haddal. 
Vi set att ein bil nederst i Ringstaddalen slik at vi kan køyre opp og hente bilane der vi starta turen.

17.juni 2019: Mandagstur til Lønndalsmannen

20170617_135115.jpg

På grunn av at yr.no meldte rikeleg med regn, valgte vi eit anna turmål: Vi tok turen til Høgåsen i Hjartåbygda og hadde ein fin tur med ein rast i gapahuken på toppen. Vi traff på både kyr og padder.
Turen til Lønndalsmannen får vi sette opp att neste år

10.juni 2019: 2.pinsedagstur til Sandsøya

img_9543.jpg
27 personar var med på sjutoppsturen. Følg lenka under for å lese om og for å sjå bilete frå turen

3. juni 2019: Mandagstur til Bjørnesethornet

Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen

Yr lovde sol og varme, men det vart ein nokså regnfull og mild kveld. Ingen av dei 15 som var med å turen lot seg merke av det,- godt humør som alltid. Du kan lese turomtale på morotur

27.mai 2019: Mandagstur til Breidfjellet

20181011_174043.jpg

Mandagsturar i mai kan vere spanande, særleg med omsyn til veret. Det slo ikkje feil denne mandagen. 

20.mai 2019: Mandagstur til Blåfjellet/Sandhornet

bl_fjellet.jpg

Kjært fjell har fleire namn. I Dalsbygda kallar dei fjellet Sandhornet, på Folkestad heiter det Blåfjellet. Vi kjørte opp til Lisjebøvatnet og gjekk derifrå. 

13.mai 2019: Mandagstur til Skorgesætra

skorges_tra.jpg

Ein fin kveld, overskya og ca 10 gr. Vi var heile 26 med på turen. Kjekt at det også er med ein del nye

6.mai 2019: Mandagstur til Galten

dsc01261.jpg

Årets først mandagstur gjekk til Galten på Folkestad. Eit populært turmål og Sunnmøre sitt svar på Trolltunga, og med super utsikt! 

Mandagsturar 2019

Løkeberget 2018
Løkeberget 2018

Programmet for årets mandagsturar er klart. Første tur vert 6. mai og går til Galten på Folkestad. Dette er også StikkUt!-tur.

Informasjon om mandagsturar

2019_mandagsturar.pdf

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761