logo_i_ver_og_vind.jpg

Mandagstursesongen 2018

20180528_202523.jpg

Årets mandagstursesong er avslutta og her er ei lita oppsummering:

Det var ein ganske fin vårsesong, men hausten har vore våt og også nokså kjølig. I alt har 44 personar vore med på 14 turar. 3 av turane har hatt 21 deltakarar, medan vi på det færraste har vore 3 personar. Men uansett kor mange vi har vore, har vi hatt det kjekt på tur.

Kom gjerne med ønske for turar til neste år!

Programmet har blitt gjennomført med nokre endringar. Bjørnasethornet og Holstadhornet vart litt lange turar seint på sesongen, så her vart det endring. Desse vert sette opp att neste år.
Bjørnasethornet vart endra til Garnestua, men enda med å bli avlyst. Holstadhornet vart endra til Breidfjellet, som igjen blei endra til Fløstranda på grunn av lav tåke. 

Dei mest populære turane var Nonshornet, Levandehornet og Daurmålshornet (Hornindal). Levandehornet er forresten ein gjengangar som mange ønsker seg opp att og opp att. Denne gongen traff vi med kjempefint ver!

Runa har vore vekke ein del mandagar. Takk til dei som har tatt turleiaransvar!

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761