logo_i_ver_og_vind.jpg

4.juni 2018: Mandagstur til Nakkevatnet og Nykkjavatnet

dsc02119.jpg

Turen har same start som turen til Liadalsnipa. Ved Nakkevatnet gjekk vi vidare på høgre side av vatnet opp til Nykkjavatnet. 

Første del av turen går på fin sti i gran- og bjørkeskog; nokså bratt. Når ein kjem ut av skogen flatar det ut og utsikta er flott mot Raudøya og Rovdefjorden. Ved Nakkevatnet deler stien seg. Valget står mellom Liadalsnipa og Nykkjavatnet. Ein av turdeltakarane tok "snarvegen" via Liadalsnipa og møtte oss andre ved Nykkjavatnet. Sprekt!

Det var frisk vind, så den obligatorisk pausa vart ikkje så lang. Halve gjengen returnerte heim frå Nykkjavatnet medan resten tok turen oppom Bjørnastighornet før retur. Det er eit fint turmål!

Vi var 10 personar på tur.

Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761