| | |
| | | |
Årets mandagstursesong er avslutta og her er ei lita oppsummering:
Det var ein ganske fin vårsesong, men hausten har vore våt og også nokså kjølig. I alt har 44 personar vore med på 14 turar. 3 av turane har hatt 21 deltakarar, medan vi på det færraste har vore 3 personar. Men uansett kor mange vi har vore, har vi hatt det kjekt på tur.
Kom gjerne med ønske for turar til neste år!
Sesongens siste mandagstur gjekk til Indre- og Ytrehovdeåsen. Eit flott turterreng der Hovdebygda soge- og velferdslag har gjort ein flott jobb med merking og vedlikehald av stiar!
Flott tur i regnver rundt Aursnesvatnet i Selvågane!
Vi gjekk vegen opp til Botnasætra og så ein avstikkar bort til Kråkenakken. Delvis på sti og delvis utan sti. Vi begynte å merke råsa frå Botnasætervegen og bort til Kråkenakken. Vi var sju på tur i, for det meste, opphaldsver.
Etterkvart som klokka nærma seg 18, seig tåka lenger og lenger ned. Vi valgte difor å gå kyststien frå Gåsneset til Flø i staden for å gå i tåke til Breidfjellet
27.august 2018: Mandagstur til Garnestua
NB! Endra turmål! Mørket kjem såpass tidleg at det vert for langt å legge turen til Bjørnasethornet. Vi tek difor turen til Garnestua, ein fin tur i Ulstein kommune.
Kun ein person møtte opp, så turen blei avlyst
Vi starta på Eidheim og gjekk denne ruta, ein kjekk variant. Det var opplett i starten, men etterkvart vart det litt tåke og småregn, noko som gav flott lys.
Vi gjekk frå Mosætra (første del av denne turen). Ei litt bratt oppstigning frå 330 til 804 m.o.h på god sti. Fantastisk utsikt på toppen! Vi var 6 turgåarar denne flotte kvelden. Vindstille og sol.
Det var åtte personar med på turen som gjekk i litt varierande vêr. Ei lita regnbyge då vi starta på ryggen opp på Saursegga, men god sikt på resten av turen. Vi fann ut at det var lurt å gå om Hanen då det var tørrare sti her. Ein tek då av litt etter 3. masta, ikke so tydeleg sti der ein tek av. Du kan lese om turen på morotur.no
Flott siste mandagstur før sommarferien! Denne gongen gjekk turen til Hornindal. Etter nokre regnfulle dagar, var vi heldige og fekk sol og ca 15 grader.
Første tur etter ferien går til Gjøna i Sande den 6.august
På ein grå mandagskveld var det 10 personar som ikkje lot seg skremme av veret, vel vitande om at grått ver = flugefri tur. Nokre starta frå Thereseråsa, medan resten tok den mest vanlege varianten frå Heimste-Holen. Stiane møtest på omlag 350 høgdemeter og herifrå gjekk vi i samla tropp.
Ein fin tur til Midtfløhornet og Veten, men diverre kom skodda så det vart ikkje optimal utsikt. Ein god grunn for å ta opp att turen ein annan gong. 10 personar og ingen fluger (!) var med på turen.
Turen har same start som turen til Liadalsnipa. Ved Nakkevatnet gjekk vi vidare på høgre side av vatnet opp til Nykkjavatnet.
Ein fantastisk flott kveld. Skyene trua ei stund, men det vart sol, flott turver, stille på toppen og flott utsikt. 22 nøgde turgåarar.
Turen starta med korpsmusikk gjennom Haddal, ei fin opptakt. Det var lettskya og noko skodde, men fint og mildt. På toppen var det skodde, så vi var skuffa over at vi ikkje fekk utsikt. Men så opna det seg opp og vi fekk flott utsikt mot Vartdalsfjell og Snipsøyrvatnet; magisk lys!
Heile 21 personar var med på sesongstarten. Veldig kjekt at det også var med ein del ny mandagsturgåarar! Vått i marka, men fin tur i deilig vårver.
Mandagsturane startar 7.mai. Du finn oversikt over årets turar i vedlegget. Generell informasjon om mandagsturane finn du HER.
Satsar på at snøen forsvinn etterkvart slik at turane går som planlagt. Viss ikkje, blir endringar annonserte på nettsida og på fb-sida |
|
| |
| Telefon: 916 21 147 | Epost: friluftsforeninga@gmail.com | Friluftsforeninga Volda, Engesetgeila 5c, 6102 Volda | org.nr. 989947761 | |